English
Norsk
Lyseparken logo

Noregs mest fremtidsretta
energi- og teknologipark

Lyseparken næringsområde ligg i Bjørnafjorden kommune rett sør for Bergen. Ny kyststamveg E39 gir berre 15 minutters reiseveg til Bergen sentrum, jernbane og Bergen hamn, 12 minutt til Bergen lufthamn Flesland og under 60 minutt til Vaksdal, Nordhordland og Stord/Leirvik. Lyseparken er i all hovudsak eigd av Bjørnafjorden kommune.

Med si sentrale plassering er det kort veg til universitet og høgskulemiljø, forsknings- og næringsklynger og ein arbeidsmarknad som favner rundt 162 000 arbeidstakarar med både høgare utdanning og industrikompetanse frå Lyseparken. Når ny E39 opner i 2022 vil det bli etablert effektiv offentleg kommunikasjon både mot Bergen og sørover til Osøyro/Halhjem ferjekai, og vidare til Stord/Haugesund.

Berre fem til ti minutt unna Lyseparken ligg etablerte bustadområder på Søfteland, Osøyro og Fana. Utviklingsområdet Lysefjorden med opptil 1 000 – 1 200 nye bueiningar ligger innan gang og sykkelsavstand frå Lyseparken. Bjørnafjorden kommune har 100 % barnehagedekning og skular nær bustadsområda. Like kort er det til Lagunen/Fana-området og på Osøyro, kor ein finn alt ein treng av servicetilbod med butikkar og offentlege tenester.

Bjørnafjorden har eit rikt tilbod av fritidsaktiviteter med kulturhus, svømmehall, idrettstilbud og rekreasjon ved fjord og i fjell kor familien finn alt dei ønskjer. I tillegg er det kort veg til alle tilboda som storbyen Bergen byr på med til dømes alle byens kulturtilbud, Slåtthaug skøytebane, Brannstadion og Koengen.

Med ei etablering i Lyseparken får ein nærhet til Noregs nest største by, kompetansmiljøer mellom anna innan olje, gass, maritim sektor og det grøne skiftet i kombinasjon med eit framtidsretta næringsområde som legg til rette for morgondagens berekraftige løysingar allereie i dag. Ei berekraftig etablering i Lyseparken vil kunne gje innovativ knoppskyting i heile Bergensregionen.

Her kan du sjå filmen om Lyseparken »
Kart over Vestlandet

Avstander

Bergen Lufthavn Flesland - 12 min
Bergen Sentrum - 15 min
Bergen Havn - 15 min
Jernbane - 15 min
Universitet/Høgskular  - 15 min
Haukeland universitetssjukehus - 15 min
Beredskapsaktører (brann, ambulanse, politi) - 6 min
Halhjem ferjekai - 10 min
Osøyro - 6 min
Lagunen handelspark - 6 min
Skuler, barnehager, fritidsaktiviteter - 5-10 min

Fleksibel reguleringsplan – enklere etablering

Dette er Lyseparken

Lyseparken er eit utbyggingsområde på ca. 700 daa kor om lag 500 daa er godkjent regulert som byggeområde. Byggeområdet fordeler seg med eit sørområde på 183 daa, eit nordområde på 255 daa, infrastruktur på om lag 60 daa og eit naturområde på 200 daa. Det er samanhengande eksternt og internt vegnett med infrastruktur frem til kvart delområde som ligg klar.

Når ny E-39 til 7,2 milliarder NOK opner i 2022 vil tilgjengeligheiten vere særs god. Aktuelt transportbehov for ein batterifabrikk vil det vere god kapasitet til.

Naudsynt kapasitet på kjølevann kan løysast i det nærliggande Vindalsvatnet eller frå sjø i Lysefjorden. Overskotsvarme frå produksjonen kan bli utnytta i dei bygningar som kjem i industriområdet og som ei kjelde for vannbåren energi, denne energien kan nyttast i ny bustad- og samfunnsutbygging i Lysefjorden. Vi viser til det energikonseptet som følger reguleringsplanen. Med omsyn til kjølevatn og prosessvann vil det være behov for å konkretisere dei første og dei vidare fasar i utbygging. Eit konkret tilpassa plan og tilretteleggingsarbeid må leggjast opp.

Faktaboks

Miljø: Augestikkaren Stor Torvlibelle har tilhald i myrsona som ligg mellom den søre og nordre delen. Bevaring av Torvlibellen og våtmarksområda er godt håndtert i reguleringsbestemmelsene. Bygging av eitt hovedformål i Lyseparken, som ein batterifabrikk, vil krevje ei reguleringsendring. Ved rask overtaking frå kommunen, som er den dominerande tomteeigaren vil programmering/regulering/ og prosjektering kunne gå overlappande. Anleggsstart vil være moleg i løpet av 2022. Byggestart i 2023 vil være mulig.

Infrastruktur

Utbyggingsmessige forhold

Lyseparken er lagt til rette med veg og VA-anlegg fram til grensa for kvar utbyggingssone. I samband med utbygginga av E 39 er det gjennomført utførlege undersøkingar av bergartar i området, her er mykje fast fjell. Utbyggingsområdet sør i Lyseparken er delvis tilrettelagt som riggsone for Statens vegvesen og entreprenørar på E 39-anlegget, sjå dronefoto. Infrastruktur for transport i anleggs- og byggjefasen vil vere på plass.

Oversiktsbilde over tilgjengelig areal

Tilgjengeleg areal

Aust for det ferdig regulerte området ligg det eit areal for mogleg utviding på 750 daa++. Framtidig bruk av dette området til næring, krev ei utviding av tilgjengelege byggjeområde i ein kommunedelplan for arealbruk. Kommune har sikra seg store delar av området for vidare utvikling. Vegnettet i Lyseparken er lagt opp slik at det vil bli samanhengande vegnett mellom det etablerte området og vidare utbyggingsetappar. Kostnad for aktuelt arealet blir å kome attende til etterforhandlingar.

Bilde av en dame med vernehjelm og refleksvest.

Tilgang på kraft

Vestland er kraftfylket framfor nokon. I dag har vi tilgang på 20 MW frå BKK i Lyseparken. I tillegg legg energikonseptet for Lyseparken opp til ein kapasitet på 20 MW frå lokal energiproduksjon gjennom mellom anna sol- og termisk energi.

BKK skisserer at ein gjennom etablering av ein batterifabrikk i Lyseparken vil kunne søkje direktekonsesjon for framføring av straum til denne slik at ein vil kunne ha ein kapasitet på 100 MW med utvidingsmoglegheit til ytterlegare 200 MW gjennom ei ny linje knytt til det eksisterande nettet anten i Fana, Samnanger eller Mauranger. Ei slik løysing vil krevje ei investering anslått til mellom 0,5 og 2 milliardar kroner.

Byggast for framtida, med ei unik satsing på klima, miljø og bærekraft

Unikt energikonsept

Lyseparken næringsområde er tilrettelagt med muligheten for energidelingunder bakkenivå. Området har god tilgang til solenergi og termiske energiressursarsom geobrønnar og utnytting av uteluft. Dette kan også utvidast med utnytting av Vindalsvatnet.

Ein energisentral, eit smartgrid og eit høgt- og/eller lavtemperert fjernvarmesystem skalmogleggjere ein optimal energiflyt. Bjørnafjorden kommune har store ambisjonar om å realisereLyseparken til å bli eit internasjonalt demonstrasjonsområde for bruk av ny teknologi, energioptimalisering/-styring og næringsmiks.

I utviklinga av Lyseparken har Bjørnafjorden kommune hatt som målsetting å utfordre roller, produkter og tenester i fremtidas distribuerte energisystem. Ambisjonane om å vidareutvikle, konkretisere og realisere energisystemet er skildra i konseptutviklinga kor eksisterande og ny teknologi er satt saman og nytta på nye måter. Særlig vil utvikling av ein marknads- og transaksjonsplattform for kjøp og sal av energi internt i Lyseparken, og forretningsmodellar som motiverer til auka samhandling og energieffektivisering mellom aktørane, bidra til verdifull kunnskap.

Bjørnafjorden kommune ønskjer å samarbeide med forskningsmiljø, store utviklarar av teknologiog kraftselskap for å gjere det mogleg å nytta energi i ei verkesemd og å overføre eit overskot til andre verksemder i næringsparken. Dømer på interessante industrielle aktører i ein slik modell er datasentre, batterifabrikkar, matprodusentar og avfallshandterarar. I denne samanhengen er det spennande å undersøke om ein batterifabrikk kan vere motor i energisystemet på same måte som til dømes eit datasenter.

Sentralt plassert langs E39 – kort veg til universitet, høgskule, forsknings- og næringsklynger

Berekraft og knoppskyting

Bjørnafjorden kommune skal legge til rette for aktuelle, framtidsretta arbeidsplassar. Lyseparken har gjennom heile utviklingsfasen vore planlagt som eit supplement til ein betre dynamikk/næringsbalanse i Bergensregionen. Det kan skje ved å legge til rette for ei innovativ og energibasert klynge. Ambisjonsnivået til kommunen har skapt interesse og respons både nasjonalt og internasjonalt.

Godkjent plan for Lyseparken er ei kommunal satsing på energi, klima og berekraft. Satsinga på energi følgjer opp og møter strengare krav til klima, miljø og berekraft i framtida. Fortrinnet til Lyseparken er ein heilskap i infrastrukturen som utnyttar lokale energi-ressursar, eit smart-grid under bakken og legg til rette for klynger av verksemder med komplimenterende energibehov. Bjørnafjorden kommune har god tru på at lokal energideling vert ei kjelde som kan stimulere til innovasjon, klyngedanning, nytenkande utvikling og kompetansearbeidsplassar.

Ta kontakt!

Dagleg leiar Alf Sognefest

E-post: alf@sognefest.no eller telefon: 916 11 600

Styreleiar Dag-Jarle Aksnes

E-post: da@7fjellbryggeri.com eller telefon: 917 57 001

Alternativt kan kommunen kontaktast:

E-post: post@bjornafjorden.kommune.no eller telefon: 56 57 50 00

Bjørnadjorden logo og kommunevåpen

Dokumenter